Vegen på sørsida vart fredag opna for fri ferdsel

Vegen på sørsida er opna

Fredag opna f.v. 451 på sørsida av Jølstravatnet etter å ha vore stengd sidan raset aust for Strand 31. juli.



Vegen har vore delvis open sidan måndag, men fredag vart det opna for fri ferdsel, sjølv om reparasjonen etter raset på langt nær er ferdig.



Sprek syklist

Vi køyrde vegen fredag kveld og medan vi stoppa for å fotografere kom 80 år gamle Jan Årnes syklande. Han bur i Årneset, litt aust for raset og fortalde at han passerte på sykkel rett før raset kom. Då hadde han sykla frå Svidalen på andre sida av vatnet, via Vassenden og heim att.

- I Svidalen måtte eg ned i fjæra for å komme forbi raset der, men på Vassenden vart det stopp. Der vart det båtskyss over til Gjesthalla der det var oppretta mottak for dei som var i naud. Men eg var no ikkje naud, så eg sykla vidare. Rett etter at eg var kommen heim, kom raset og då måtte eg no sykle tilbake for å sjå kva som gjekk føre seg, fortalde den spreke syklisten som stadig er å sjå på sykkelen sin langs sørsida.

 

Jan Årnes passerte minuttar før raset gjekk aust for Strand.