Den store taparen

Ein ny måte å berekne effekten av vegutbyggingar slår svært ulikt ut. Den vil gje jubel i Haugesund, Stavanger, Bergen og Ålesund – men ikkje i Sogn og Fjordane. Dette slår landets største avis, VG, fast i ein to siders artikkel sist veke. No står med andre ord vårt fylke fram som den store taparen også på vegsektoren, og det på grunn av det tragiske linjevalet som regjeringa, eller rettare sagt statsministeren sjølv, sto for i Nordfjord, på tvers av det fleirtalet i fylkestinget hadde bede om.

Denne gongen er det faktisk Statens Vegvesen sjølv som står for utrekningane, i regi av Handelshøgskulen BI og professor Torgeir Reve. Dei har gjort ei berekning av dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av sju store bru- og tunnelprosjekt på E 39 mellom Kristiansand og Trondheim. – Det nye er at vi har berekna dei økonomiske konsekvensane av at jobbmarknader kjem nærare kvarandre og vert slegne saman. Målet er jo å skape eit sterkare næringsliv og meir attraktive regionar, seier professoren til VG.

Ja, i alle dei andre fylka er det slik, men ikkje i Sogn og Fjordane. For det er jo ikkje noko nytt at indre linje gjev svært dårleg utteljing i dette perspektivet, det har vore dokumentert grundig før, m.a. gjennom tilsvarande utrekningar av den høgt respekterte professor Victor Norman, som påviste at midtre hadde ein heilt annan samfunnsøkonomisk vinst gjennom ein stor bu- og arbeidsmarknad. Det same konkluderte KS1 med, departementet si eiga kvalitetssikring av KVU-en, som fleire enn oss meinte hadde store manglar, særleg når det galdt samfunnsnytten.

Utrekningane viser at med denne berekningsmåten vil dei langt dyrare prosjekta i Rogaløand, Hordaland og på Møre ha ei heilt anna lønsemd. Rogfast, med ein kostnad på 13,8 milliardar kroner, vil vere nedbetalt etter berre 1,6 år, Hordfast etter 3,1 år og det mykje omdiskuterte Hafast vil svare seg etter berre 2,7 år. Den indre linja i Nordfjord vil ta heile 24 år før den går i pluss. For Sognefjorden snakkar ein om 50 år, men her er det sjølvsagt eit heilt anna kostnadsbilete.
Vi spør oss kvifor ikkje desse tala har kome på bordet for lenge sidan. Ein treng verken vere rakettforskar eller økonom for å begripe konsekvensane av desse tala. Det betyr i praksis at vi vil stille sist i køen nok ein gong, og det er vanskeleg å sjå at det nokon gong kjem ei fjordkryssing i det indre bassenget. Det vil i alle fall ligge langt fram i tid. Så er det berre å håpe at ein i mellomtida uansett kan få erstatta den travle ferja midt i fjorden med ei bru, slik at ein verkeleg kan bygge store bu- og arbeidsområde. Så er det sjølvsagt hjelp i at ein får på plass 20 minutts ferje så snart som råd.

Men sanninga er at vårt fylke parkerte i veggrøfta, der andre har nytta sjansen til å bruke E 39 for å styrke sine fylke. Det er framleis like uforståeleg, ja, etter dette enda meir uforståeleg, at det skulle ende slik. Vi har lenge meint at både Vegevesenet og sjølve avgjerdsprosessen i denne saka burde vore granska, slik dei no krev i sjukehussaka i Møre og Romsdal.

Dette har i alle fall ikkje vorte svekka etter VG sitt oppslag, der Sogn og Fjordane med rette vert framstilt som den store vegtaparen.