Sandane skulekorps og Beim skulekorps er vertskap for Nordvesten 2018. Dei var første korpset ut i konkurransen. Dirigent er Ann Karin Ose.

Over 500 unge musikantar deltek i Nordvesten 2018

Over 500 korpsmusikantar frå Sogn og Fjordane og Sunnmøre set sitt preg på Sandane denne helga.

Sandane skulekorps og Breim skulekorps arrangerer denne helga Nordvesten 2018. I alt 16 korps har prioritert å delta. Fleire stiller også i drill med tropp, grupper eller enkeltutøvarar.

Sandane skulekorps og Breim skulekorps har gått saman og laga eit felles korps som stiller i 3. divisjon. Dei var i elden klokka 09.30 i dag og kom godt frå framføringa av tre innslag.

-Dette gjekk knallbra. Det var kjekt å stå her i dag, sa dirigent Ann Karin Ose etter framføringa og rosa alle solistane som hadde vore i aksjon. Det var Maria Hetle på klarinett, Lene Førde på altsaksofon og Hanne Ose på fløyte. Alle tre har vore med i korps i fleire år.

Framfor Nordvesten 2018 har dei hatt fleire fellesøvingar vekselsvis på Breim og Sandane. I tillegg har dei hatt gruppeøvingar.

Etter at det var ferdige med spelinga hadde, dei ulike oppgåver som vertskap for dei andre korpsa.

Hanne Ose (f.v.), Lene Førde og Maria Hetle var solistar med Sandane skulekorps og Breim skulekorps.