Det var ei slik ugle som tok bussen på Møre. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/ NPK.

Ugle tok bussen på Sunnmøre

Måndag hadde ei kattugle lurt seg om bord i ein av bussane til Vy mellom Austefjorden og Hornindal.

Avisa Nett.no fortel at den sjeldne blindpassasjeren truleg hadde klart å kome om bord i Austefjorden i Volda kommune, og hadde mellom anna fått seg ein gratistur saman med elevane på skuleruta frå Austefjorden til Hornindal.

Etterpå vart det rundtur i Mosmarka i Ørsta før ornitolog Ottar Folkestad kom for å hjelpe. Han ringmerkte ugla før ho vart sleppt fri.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)