Fleire nye smittetilfelle i Stad

Fire nye personar er smitta med covid-19 i Stad kommune.

– Alle desse var allereie i karantene fordi dei var nærkontaktar til personar med kjend smitte. Alle tilfella er kopla til den kjende saka der smittevegen kan sporast tilbake til Bergen. Dei smitta i heimeisolasjon og nærkontaktar er sette i karantene og vert testa i dag, skriv Bjørlo fredag morgon.

Han meiner kommunen har god kontroll på situasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein har framleis ikkje funne grunnlag for eigne lokale tiltak utover nasjonale råd og retningslinjer. Aktivitet i skular, barnehagar og arbeidsliv kan gå som normalt med gjeldande smitteverntiltak. Ein har heller ikkje funne grunnlag for å avgrense aktivitetar innanfor idretten eller kulturlivet. På grunn av omfanget i saka gjer kommunen fortløpande vurderingar omkring aktuelle tiltak i samråd med Folkehelseinstituttet, opplyser Alfred Bjørlo og held fram:

– Kommunen ber alle som vert sjuke med feber og/eller luftvegssymptom om å ha låg terskel for å teste seg og halde seg heime til dei har fått negativt svar på testen og føler seg friske. Alle vert oppmoda om å ha så få nærkontaktar som mogeleg i kvardagen, halde avstand til andre og ha god handhygiene.