Øystein Skinlo og resten av butikkgruppa på Sandane ønskjer kundane velkomen på tidleg julehandel i år.

– Vil bidra til ein trygg og god julehandel

Handelsstanden på Sandane ønskjer dette året å starte litt tidlegare med kveldsopne butikkar, og allereie komande torsdag, 12. november, er det langope til klokka 22.

– Vi ønskte å starte tidlegare, og på den måten få ein lenger periode med julehandel i år. Dei siste åra har vi merka oss at kundane byrjar tidlegare å handle inn til jul, og med den koronasituasjonen vi er inne i no, er det heilt klart ein fordel å kunne fordele handelen utover, seier leiar i butikkgruppa i Gloppen Næringsorganisasjon, Øystein Skinlo.

2 x kveldsope

Normalt er det Black Friday og julegateopninga i slutten av november som markerer startskotet for julehandelen inst i Gloppefjorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

I år startar det altså litt tidlegare, og det vil vere kveldsope ein torsdag til når ein kjem inn i julemånaden. Elles i desember vil butikkane halde ope til klokka 18:00 på kvardagar, og 16:00 alle laurdagar, med start 28. november. Den dagen er det også landsbylaurdag.

– Skal vere trygt og greitt

– Det vil ikkje bli den tradisjonelle julegateopninga som vi er vane med her på Sandane, men butikkane vil halde ope til klokka fire, og landsbyrådet legg opp til ein julelaurdag med bålpanne og andre aktivitetar for å skape hyggje og god julestemning i sentrum. Men alt dette er sjølvsagt vanskeleg å planlegge, neste veke kan situasjonen vere ein heilt annan, presiserer han.

– Vi ønskjer å gje vårt bidrag til å hindre smitte med å vere tilgjengelege litt ekstra lenge i butikkane, over ein lengre periode. Det skal vere trygt og greitt å handle på Sandane, seier Skinlo.