Yr lanserer ei ny samleside over vêrforholda på norske fjellovergangar. Lastebileigarforbundet er ikkje nøgde.Foto: Tore Meek/NTB/NPK.

Yrkessjåførane er ikkje nøgde med ny samleside for fjell-vêrvarsling

Yr lanserer ei ny samleside over vêrforholda på norske fjellovergangar. Lastebileigarforbundet er ikkje nøgde.

– Det er mange som varslar vêret, men få som varslar vêret her og no. Vêret skiftar frå minutt til minutt på fjellet, seier Jan Ove Halsøy til NRK.

Halsøy, som er regionsjef i Lastebileigarforbundet i Møre og Romsdal og Vestland, vil ha informasjon om korleis vêret er akkurat no.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er fordi vêret på fjellovergangane endrar seg heile tida, og då er sjåførane avhengige av å vite korleis forholda er, seier Halsøy.

Forskar ved Meteorologisk institutt, Anders Sivle, seier til statskanalen at det må nokre tastetrykk til for å sjå vêret her og no.

– Yr viser vêret akkurat no på fjellovergangane, men ikkje på samlesida for fjellovergangar. For å finne vêrvarselet må du trykkje på den bestemte staden og sjå det der, seier Sivle.

(©NPK)