Ragnhild Gimmestad (t.v.) og Inger Karin Grov.

Har merka eit lite oppsving



Ragnhild Gimmestad i Norli Sandane og Inger Karin Grov i Bademiljø har begge merka eit lite oppsving i butikken denne hausten. Dei gleder seg til resten av julehandelen, til og med julaftan.

I det siste har det vore mykje fokus på at netthandel stel kundar frå dei lokale butikkane. Norli og Bademiljø på Sandane kjenner seg ikkje heilt igjen i denne karakteristikken.

– Netthandelen kan vi aldri stoppe, den er komen for å bli, men då må vi tilpasse oss, seier Grov.

Oppsving

Begge har merka ein oppsving i omsetning denne hausten, og føler kanskje ikkje trusselen frå netthandel like mykje som ein kan få inntrykk av at dei fleste gjer når ein les aviser og andre medium.

– Netthandelen vil alltid vere der, vi kan ikkje fokusere på den, vi må spele på våre beste sider, seier Gimmestad.

– Og kva er det lokalbutikkane kan stille opp med som nettbutikkane ikkje har?

– Produktkunnskap og kjennskap til kundane våre, det er vi gode på. Vi kan hjelpe med å velje der og då, både utifrå at vi har erfaringar med produktet, og gjerne veit kva kunden er ute etter, seier Grov.

– Og so pakkar vi inn, det er vi gode på, seier Gimmestad og ler.

Dei to butikkane tilbyr òg ei klikk- og hent-løysing, der ein kan sjå vareutvalet på nett og hente i butikk.

Personleg service

Dei har inntrykk av at kundane set pris på den personlege servicen, og begge butikkane har kundar som kjem igjen og igjen, gjerne frå langt utanfor Gloppen sine grenser.

– Vi har kundar frå Måløy, Eid, Utvik, Stryn, Førde og Jølster, til og med nokre få frå Møre som brukar å kome innom. Det er veldig kjekt, og det er blide og positive kundar som vi set stor pris på, seier Grov.

Gimmestad meiner at sjølv om Sandane ikkje kan by på dei største kjedene, so kan bygda tilby fleire spesialvarebutikkar, og har døme på utflytta sandensarar som kjem heim og påpeiker det gode utvalet på ting som dei gjerne slit litt med å finne der dei bur.

– Vi må sjå oss sjølve litt òg. Det er bra det vi har fått til her, meiner Gimmestad.

Grov er einig, og viser til gode tilbakemeldingar frå kundane som tykkjer det er kjekt å kome til Sandane for å handle. Ho meiner butikkane seg i mellom er gode på å samarbeide, og flinke å sende kundane vidare om produktet ikkje er å finne i deira butikk.

Gleder seg til innspurten

Men sjølv om stoda er bra for eigne butikkar, erkjenner dei to at netthandelen på landsbasis har gått utover butikkane.

– Handelsnæringa er i endring, og vi ser at det er fleire kjeder som går konkurs. Vi snakkar også med seljarar som rapporterer om ein generell nedgang, men for vår del har det altso gått opp. Om det er fordi vi har so kjekke kundar og gode glopparar, eller om vi sjølve er blitt betre på å knyte nettet opp mot vår butikk, det veit eg ikkje, men vi er i alle fall i vekst, seier Grov.

– Ja, vi må fokusere på dei som handlar med oss, ikkje dei som ikkje gjer det, konkluderer Gimmestad.

Begge damene gleder seg til resten av julehandelen, og håpar på fullt køyr og hektiske dagar i innspurten. Når julaftan kjem, skal dei begge vere på jobb. Dei meiner det er den koselegaste arbeidsdagen i året.

– Då er gubben heime og passar ribba og ser på «Tre Nøtter til Askepott», medan eg kosar meg på jobb, avsluttar Grov.