Norske rekordar på Byrkjelo
Byrkjelo Stadion er kjent for sine friidrettsrekordar. Onsdag kveld fekk også vektløftarlokala i Breimsbygda sitt treningssenter på Byrkjelo sine to første norgesrekordar.
17-åringen Marcus Bratli frå AK Bjørgvin i klasse 62 kg klarte kravet til EM U17. Den nye personlege rekorden hans i støt på 115 kg er også norsk rekord, 1 kg betre enn den tidlegare som Jantsen Øverås frå Tambarskjelvar hadde. Med 92 kg i rykk vart det også norsk rekord samanlagt med 207 kg.
Tiril Boge, også frå AK Bjørgvin, har tidlegare klart kravet til EM U17. I går var ho hårfint unna norske rekordar både i rykk og samanlagt i klasse 53 kg kroppsvekt. Ho endå opp med pers samanlagt etter 60 kg i rykk og pers 73 kg i støt.
Unge lokale talent
Også glimrande løfting av dei andre jentene. Berre 11 år gamle Emilie Sandvik frå Jølster imponerte med fin teknisk løfting. Dei eldre ungdomsjentene hadde nasjonalt gode resultat: Oda Helene Sunde Svendsen frå Jølster 52 kg i rykk og 64 i støt. Vilde Sårheim frå Breimsbygda 50 kg i rykk og 61 kg i støt.
Størst framgang hadde Breimsbygda sin juniorløftar Ole-Kristoffer Sørland med heile 11 kg samanlagtpers etter 96 kg i rykk og 115 kg i støt.
Slike resultat no midt i sommarferien lovar godt framfor haustens norske og internasjonale meisterskap!