Kan bli friidrettens eldsjel
Gloppen Friidrettslag har nominert Jørund Årdal til prisen som norsk friidretts eldsjel. – Han er ein person vi er veldig stolte av, seier leiar Nils Ove Roset.
Sidan Jørund Årdal kom til Gloppen i 1994 har han vore ein sentral figur i friidrettsmiljøet, både i IL Brodd og i GFIL. Også før han flytta til Gloppen var han engasjert.
– Kjekt å bli lagt merke til
– Jørund er ein kar vi er veldig stolte av. Han er interessert, tolmodig og svært flink, seier Nils Ove Roset og er svært glad for å han ein slik ressursperson i klubben. Derfor har GFIL spelt inn Jørund Årdal som ein av sju nominerte kandidatar.
– Det er sjølvsagt svært kjekt å bli lagt merke til, seier Jørund sjølv og vedgår at han gjennom åra har brukt mykje tid på å vere instruktør for unge utøvarar.
Les heile saka i papirutgåva måndag.