Faren for at du blir utsett for innbrot i påska er ikkje spesielt stor, meiner forsikringsselskapet Gjensidige.

Bustadinnbrot i påska - problemet avblåse i Sogn og Fjordane

Påska er høgtid for å annonsere fare for innbrot. Tal frå Gjensidige viser imidlertid at folk kan reise på ferie med godt samvit. Dei siste åra har det ikkje vore fleire innbrot i påska enn elles i året.

- Ein kan lett bli skremd av åtvaringar mot å legge ut informasjon om ferie på Facebook eller andre sosiale medium. Det kan vere lurt å vere litt varsam med kva ein skriv, men sjansen for at dette skal resultere i eit innbrot, er mikroskopisk, seier Arne Voll, informasjonssjef i Gjensidige.



- Hus og heimar er eit attraktivt bytte for tjuvar om det er helg, påske, vinterferie eller sommar. I tillegg er det få som tenkjer over at dei fleste innbrota skjer på dagtid, seier Voll.

- Faktisk er det mykje vanlegare med vasskader enn med eit innbrot. Uansett skade er det nok innbrot flest tenkjer på når dei reiser vekk, legg han til.

- Tal frå i fjor viser at det blei meldt gjennomsnittleg 220 innbrot til Gjensidige per månad gjennom året. Dette kan heilt sikkert variere frå selskap til selskap og frå år til år, men trenden er den samme, også for påskemånaden, seier informasjonssjefen.

Dei færreste av oss opplever innbrot. Voll oppfordrar likevel alle til å ta nokre små forhaldsreglar om ein skal reise vekk:

· Få huset til å sjå mest mogleg bebudd ut, inne og ute.

· Allier deg med naboen når det gjeld post og søppel.

· Be postkontoret og avisa om å stoppe levering når du er vekkreist.

· Tidsbrytar til lyset inne og ute + radio.

· Vidarekople telefonen din til mobil eller feriestad.

· Sjekk at dører og vindauge er forsvarleg lukka.

· Forsikringsgodkjende (FG-godkjent) låsar er ei god investering.

· Pass ekstra på skjulte vindauge og dører.

· Fysiske hindringar gjer at tjuvene brukar lengre tid og lagar meir støy.

· Installér alarm.

Arne Voll.