Julestemning i Breim
Ei lang, lang rekkje med faklar, snøen som lava ned. Betre ramme rundt ei julegrantenning enn den vi fekk på Byrkjelo fredag, skal det godt gjerast å få.
Når så nisseorkesteret spelte kjende og kjære julesongar og to store ringar gjekk rundt juletreet, så var julestemninga til å ta og føle på. Kor mange som var møtte fram, er vanskeleg å seie, men rundt 100 store og små er truleg eit bra tips.
Julemesse
Men i tre timar før julegrana vart tend, så var breimingane samla i Breidarheim til julemesse i regi av ungdomslaget. Der var det råd å handle alt frå julemat til nissar, lys, pynteting og mykje, mykje meir.
Salet var litt varierande fekk vi vite, men det var mykje folk og kaffien og kakene gjekk i alle fall unna. Dei som hadde ting å selje melde om alt frå godt sal, til nesten ingen ting. Nokre lurte på om Black Friday hadde skulda.
- Vi har selt ganske bra sa Eivind Kandal og Torstein Kollevåg som selde pinnekjøt og spekemat frå Kandalen. Heile 1500 kg pinnekjøt har dei produsert i år, tre gonger meir enn i fjor og dei håpa sjølvsagt at alt skal vere vekke før jul.