Sjølvsagt kjem Vassendgutane tilbake til ein ny countryfest i Breim til sommaren.

Klare for Breim igjen!

Gamle kjenningar på plass på Norsk Countrytreff til sommaren.
Norsk Countrytreff er stolte av å presentere to av dei mest populære scenebanda i Country-Noreg, samt eit amerikansk brødrepar av svært høg klasse.

Gunslingers har opplevd ei utvikling innan countrysjangeren som få vestlandsband har fått gleda av å oppleve før dei. Etter utgjeving av “Norwegian Honky Tonk” hausten 2008 var bandet booka til dei største festivalane i landet – både Seljord og Breim.
Med ein jølstragut
Fengande melodiar og underfundige tekstar med ekte cowboyhumor på hardingdialekt, er karakteristikk som er gjeven av plata “Norwegian Honky Tonk”. Alt frå livet på Countryfestival i Seljord og ymse kjensler for traktor til Harrymann si burning på hjørnet vert omtala. I 2009 kom oppfølgjaren med namnet “Ein skål te” som vidareførte den humoristiske tonen frå debutalbumet. Sidan kom albumet «Viagra, Biff og Bernaise» og i 2013 kom «Made in Norway». I 2016 slapp dei endelig albumet ”Sommar”, og dei har spelt for utselde hus over heile landet. For oss i Norsk Countrytreff er det ekstra hyggeleg at ein av bandmedlemmane er ein lokal jølstragut! Gunslingers har fått æra av å starte Norsk Countrytreff, og blir å høyre i Kolbeins Saloon torsdag 13.juli!
Amerikanske brør
The Crowe Brothers, med Josh Crowe på gitar og Wayne Crowe på bass, har saman strekt si bluegrass-karriere over 4 tiår, og med dusinvis av innspelingar. Dei vaks opp i Clayton Georgia, der Josh og Wayne byrja å spele i tidleg alder, i lag med faren sin, Junior Crowe. Dei deltok i fleire forskjellige band, og spelte bluegrass og gospel. I 1975 starta dei eit samarbeid med Raymond Fairchild, og frekventerte diverse bluegrassfestivalar dei neste 15 åra.
I løpet av si lange karriere innan bluegrass, har The Crowe Brothers gjort bemerkelsesverdige opptredenar på t.d Grand Ole Opry og The Library of Congress, i tillegg til å ha opptrådt på nasjonale TV-sendte tilstellingar, som Bluegrass Spectacular, Fire on the Mountain, Nashville Now, I-40 Pickin’ at the Paradise og American Music Shop.
For ellevte gong
Vassendgutane skulle i prinsippet ikkje trenge ein artistomtale. Bandet har spelt på Norsk Countrytreff 10 gongar sidan vi blei kjent med dei i 2004! Med over 20 år på vegen no, skal du vere rimelig døv for å ikkje å ha fått med deg ei Vassendgutane-låt. Dei har opptrådt på dei fleste festivalar, scener og grendahus landet over – har hatt konsert på Rockefeller i Oslo! Dei var også pauseunderhaldning under Spellemannsprisen i 2008. Musikken sin kallar dei for ”fest-country”, og det har vi opplevd fleire gangar! Vassendgutane avsluttar fredagskvelden på Norsk Countrytreff 2017, så her er det berre å halde på hattane, folkens!