No kjem sommarvarmen til Sør-Noreg. Truleg passerer gradestokken 30 grader i indre strøk av Vestlandet først. Arkivfoto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix / NPK

No blir det hete i Sør-Noreg – opp mot 30 grader i helga

Sommarvarmen er på veg mot Noreg. Allereie fredag kan indre strøk av Vestlandet få opp mot 30 grader.

Nøyaktig kvar gradestokken eventuelt passerer 30 grader først, er Meteorologisk institutt ikkje sikre på, men opplyser på Twitter at dei set ein knapp på indre strøk av Vestlandet fredag.

I områda rundt Sogndal er det venta 29 grader og sol bak sky søndag, og berre nokre få grader lågare dagane før.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Bergen blir det venta rundt 23 grader og strålande sol, også her best søndag, medan det i hovudstaden er venta temperaturar på midten av 20-talet og med strålande sol. Også i Oslo er det venta best vêr på siste dagen i veka.

(©NPK)