Fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane. Frå venstre Ronja Årskaug Vallestad, Mathilde Tjønneland, Camilla Nesheim, Eirik Hortemo Vikøren, Eirik Førde, Emil Barstad og Dianne Eikås.

4H set demokratiet i fokus

Sist helg var det årsmøte i 4H Sogn og Fjordane. Over 100 engasjerte ungdomar i salen og mange gode innlegg lovar godt for eit aktivt 4H-år, skriv organisasjonen i ei pressemelding. 

- Vi er klare for eit nytt år med 4H-aktivitetar, styrearbeid og planlegging av nye spennande prosjekt, seier styreleiar Eirik Hortemo Vikøren.

Han har teke attval og ser fram til sin tredje periode som leiar for 70 klubbar og 1600 4H-arar frå fylket.

- Det er som å vere på «nivå 2». No veit eg kva som ventar, og kan tenkje mykje lenger fram enn i fjor, fortel han engasjert.

Hortemo Vikøren kjem frå Sogndal, og har vore aktiv i 4H sidan han var liten gut.

- I 4H har eg lært utruleg mykje om svært mange forskjellige tema, men aller mest om organisasjonsarbeid, leiarskap, demokrati og samarbeid.

Dette året skal Eirik og resten av styret arrangere nattvolleyballcup, kurs og leir for medlemene. Samstundes utarbeider styret nye mål for organisasjonen.

- Vi ønskjer å knyte mykje sterkare band mellom klubbane og fylkesleddet. Ein tett og god dialog vil styrke demokratiet, gjere tiltaka som fylket set i gang mykje betre og auke deltakinga på 4H Sogn og Fjordane sine arrangement seier han.

Desse er valde inn i nytt styre:


























































 NamnAlderKommune
LeiarEirik Hortemo Vikøren32Sogndal
styremedlemRonja Årskaug Vallestad17Sunnfjord
styremedlemEirik Førde22Gloppen
styremedlemCamilla Nesheim35Stad
styremedlemMathilde Tjønneland18Sunnfjord
1 varaEmil Barstad19Kinn
2 varaHedda Tveit16Gulen
3 varaÅse Mari Haugnes46Sunnfjord