Widerøe sitt nye jetfly Embraer 190 E-2 landa torsdag ettermiddag på Flesland lufthamn. Foto: Terje Bendiksby/ NTB scanpix/NPK.

Widerøe satsar på jetfly

Widerøe har henta heim sitt første jetfly i historia. Flyet skal vere det mest miljøvennlege i sin klasse i verda.


Det første av i alt tre bestilte E190-E2 frå den brasilianske flyprodusenten Embraer sette torsdag hjula ned på ei norsk rullebane. Det er første gong det 83 år gamle Widerøe-selskapet kjøper eit jetfly.


– Dei auka flyavgiftene har gjort at vi må tenkje nytt, seier administrerande direktør Stein Nilsen i Widerøe til NRK.


Fram til i dag har Widerøe berre brukt små propellfly. Frå 24. april skal det nye flyet setjast inn på ruta mellom Bergen og Tromsø.


– Som første flyselskap i verda skal vi ta i bruk dette nyproduserte og mest miljøvennlege flyet i sin klasse for å bringe Fjord- og Nord-Noreg saman, opplyser Widerøe i ei pressemelding.


Dei to andre flya kjem i mai og juni og skal setjast inn på flygingar frå Bodø til Bergen, og mellom Tromsø og Bergen. Etter kvart vil flya også bli sette inn i utanlandstrafikk frå Bergen til fleire europeiske storbyar.


Tidlegare i år måtte Widerøe kutte 44 avgangar på grunn av manglande lønnsemd.


– Den kraftige avgiftsauken har gjort det vanskelegare å utvikle gode flytilbod i distrikta. Derfor er vi no nøydde til å tenkje heilt nytt, seier Nilsen. Han håper eit større fly som kan ta fleire passasjerar, vil gi lågare prisar.


Dei første billettane til det nye flyet er allereie lagt ut for sal. (©NPK)