Rådmann Jan Kåre Fure meiner Gloppen bør delta i utgreiingane i "liten SIS"

Vurderer å vere med vidare i Sunnfjord

Rådmann Jan Kåre Fure rår formannskapet i Gloppen til å be om vidare deltaking i Sunnfjord-utgreiinga.

Etter møta i Sunnfjord før helga er det klart at det ikkje blir noko av storkommunen med ti kommunar i Sunnfjord. Gloppen er ein av kommunane som har konkludert slik etter brukarundersøkinga.

Liten SIS
Rådmann Jan Kåre Fure meiner Gloppen no formelt må konstatere at intensjonsavtalen om Firda kommune ikkje er gjeldande lenger. Han meiner det i staden opnar for eit nytt alternativ Gloppen deltek i, nemleg "liten SIS" som omfattar Førde, Naustdal, Gaular og Jølster.
Dette er eit alternativ Gloppen har etterspurt heile tida, peikar Fure på.Han ber om ei avklaring i formannskapsmøtet i morgon, onsdag 11. november. Alt fredag skal det vere møte i prosjektgruppa for kommunesamanslåing i sør. Då har utsendingane frå Gloppen ein ståstad å gå ut i frå.

Nordfjord
Det har også skjedd ting i Nordfjord. Måndag var det møte i Nordfjordrådet og møte i styringsgruppa for kommunereforma.Her er det no semje om at Gloppen legg vekk alternativet med samanslåing med Hornindal og Stryn, noko også Eid gjer. Dermed er det igjen tre alternativ i midtre og indre Nordfjord: Hornindal og Stryn, alle fire kommunane og det siste; Eid og Gloppen. I samband med dette skal Eid kommunestyre 12. november velje tre representantar til å delta i eit forhandlingsutval for å sluttføre arbeidet med intensjonsavtalane.
Rådmannen i Gloppen ønskjer å gjere det same, men meiner saka ikkje treng handsamast i kommunestyret. I staden vert det ei sak i formannskapet som skal velje to personar i tillegg til ordføraren.