I ein nylaga film frå Norge ´s Blindeforbund kan vi Kent Ove Bjerknes (43) fra Mysen som saman med førarhunden Gaga kan hente dottera i barnehagen kvar dag.

Voff! Voff!

I dag, onsdag 26. april, vert «Førerhundens dag» markert. I år er fokus på dei personlege historiene til førarhundbrukarar, som fortel om kor viktig førarhunden er for akkurat dei.

Til «Førerhundens dag» i år har Blindeforbundet laga ein film der sjåarane kan møte fire førarhundar og brukarane deira.

I filmen møter vi mellom andre Kent Ove Bjerknes (43) fra Mysen. Østfoldingen hentar dottera i barnehagen kvar dag. Dette er noko han kan gjere fordi han har førarhunden Gaga til å hjelpe seg.

– Det er ein fin ting å vere åleine og hente ungen sin i barnehagen. Å verte møtt av ein unge som kjem mot deg med utstrakte armar og er kjempeglad, det er veldig koseleg, seier Kent Ove.

Førarhunden endrar livet til mange menneske med nedsett syn. Å ha førarhund tyder fridom til å ferdast fritt, uavhengig av følgje.

– Det handlar om sjansen til å delta aktivt i samfunnet, og til å vere spontan – ja, rett og slett berre gå ut når ein sølv ønskjer det. Vi sluttar aldri å la oss imponere av disse fantastiske hundane, seier Arnt Holte, generalsekretær i Norges Blindeforbund.

«Førerhundens dag» vert markert kvart år den siste onsdagen i april.

– Det er hyggeleg at førarhunder har ein eigendag for å markere den fantastiske jobben dei gjer for oss blinde og svaksynte, seier Holte.

Filmen om korleis førarhunden er til hjelp for blinde og svaksynte kan du sjå på Blindeforbundet sine Facebook-sider.