Andreas Løken Taklo på flygel og Marita Holme på klarinett opna «Vinterklassisk» på scena i kultursalen søndag.

Vinterklassisk starta Musikkfest-året

Det var intimt og stemningsfullt på scena i Kultursalen då Marita Holme på klarinett og Andreas Løken Taklo på flygel opna «Vinterklasssik» søndag kveld. Mellom dei spente som sat i salen var også Vegard Søren Holen Eimhjellen, som visste at om litt skulle han fram å spele flygelet.

Den eine perla etter den andre trilla ut på scenegolvet i Trivselshagen, der publikum hadde sett seg tett rundt musikarane slik det er på kammerkonsertar. «Vinterklassisk» mønstra tre av dei fremste klassiske unge musikarane i fylket, og saman med glopparen Marita og Andreas frå Eikefjord, var Ragnhild Sannes på cello dei tre som utgjorde hovuddelen av programmet. Mykje var kjende «radio-klassikarar», men innimellom var det også innslag ein meir sjeldan høyrer.

Sjarmerte publikum
Gloppen musikkfest si satsinga «Unge klassiske musikarar» er ein av få arenaer utøvande klassike musikarar frå Sogn og Fjordane har for å møtast og få vise seg fram i fylket. Både Marita og Ragnhild er freelance-musikarar med base i Bergen, medan Andreas går siste året på utøvande master ved Barratt Due musikkinstitutt i Oslo.

– Det vert ein del med Sjøforsvarets musikkorps og ein del andre orkesteroppdrag. Elles vert det også mykje sånn som her, kammermusikk i mindre ensemble, fortalde Marita dei frammøtte då festivalsjef Hanne B. Oftedal ville høyre korleis det gjekk.

Ein som ikkje har kome så langt enno, men som sjarmerte publikum med flott flygelspel, var åttandeklassingen Vegard Søren Holen Eimhjellen frå Sandane.



Oppstart på aktivt år
Det vert eit spanande år for Gloppen musikkfest, der høgdepunket er konserten med Kringkastingsorkestret (KORK) i Trivselshallen tidleg i september.

– Dette er heilt unikt. Heile orkesteret kjem og vert i Sogn og Fjordane nesten heile veka. Dei deler seg i grupper, reiser rundt i fylket i små ensembler og skal halde kammerkonsertar både på planlagde og mindre planlagde stader. Så kjem dei tilbake til Gloppen for den store konserten på laurdagen, sa festivalsjefen, som brukte høvet til å orientere om året som er i gang.

Samarbeidet med KORK, inneber også eit samarbeid med NRK Sogn og Fjordane, der publikum kan få vere med å ønske seg eit stykke som skal framførast på konserten.

– Så er det særleg stas og heilt naturleg at komposisjonen som elevar ved Nordstranda skule vann den nasjonale komposisjonskonkurransen Veslefrikkprisen med i 2016, og som vart framført med nettopp KORK i fjor, skal framførast i heimekommunen til komponistane når KORK kjem hit, sa Oftedal.

Vegard Søren Holen Eimhjellen imponerte og sjarmerte med eit stykke av italienske komponisten Giovanni Allevi.
Gloppen musikkfest har vorte ein viktig heimleg arenaen for unge klassiske musikarar som har satsa på ei profesjonell musikarkarriere.