Sp sin andrekandidat til kommunevalet, Magni Aa Berge, oppmodar Gloppen kommune om å ta i mot syriske flyktingar.

– Vi må ta i mot flyktingar

– Det er historielaust viss vi i Noreg ikkje tek dugnaden med å hjelpe syriske flyktingar. Også Gloppen må sjølvsagt ta sin del. Det er oppmodinga frå Senterpartiet sin andrekandidat ved kommunevalet, Magni Aa Berge.

Magni fortel at denne saka har kome henne ekstra nær etter at ho dei siste dagane har arbeidd med eit innslag til 17. mai om krigen, og lese om korleis ein slektning til mannen hennar som sat i tysk fangenskap fekk hjelp i andre land.

– Det ville vere heilt historielaust om ikkje vi i rike Noreg skulle gje hjelp til dei stakkars flyktingane som no kjempar for livet, seier Magni Aa Berge, og støttar fullt opp om eige parti si haldning om å ta imot 10.000 flyktingar frå Syria.

Må stille opp
– Det er ikkje mykje å snakke om når vi ser kva dei fattige landa kring Middelhavet tek i mot. Dei tek i mot dei som kjem, men no er det rett og slett fullt der. Då hjelper det heller ikkje å snakke om å hjelpe dei der dei er. Difor må også vi stille opp og hjelpe, seier Magni, som minner om at vi i si tid tok i mot 22.000 flyktingar frå Balkan då der var krise.

– Men det blir sagt at det er vanskeleg å finne plass til dei, og at det alt sit mange i mottak her i landet og ventar?

– Ja, då får vi setje oss i saman og finne løysingar. Her er mange ledige hus og husvære også i Gloppen. Eg er ikkje i nokon posisjon i politikken i dag, men eg syns det hadde vore flott om det hadde kome eit initiativ frå Gloppen kommune om at vi stiller opp og tek vår del for å hjelpe desse stakkars folka. Det har eg også støtte for m.a. frå vår førstekandidat, Leidulf Gloppestad, seier Magni Aa Berge.