Flaumen har gjort enorme skader på begge sider av Utvikfjellet, der vegen vert stengt i minst ei veke. Slik såg det ut på Kvila i Breim Litt ut på dagen, der Kjell Risholm trist må konstatere at elva har teke med seg hagen dei har bygt opp, bilar er flytta på og mange ting i garasjen og tunet vart feia nedover.

- Utvikfjellet stengt minst ei veke

Ikkje fått begynt på opprydding i Utvik enno. Berre ei køyrebane open i Gullkista på E 39.

Etter store nedbørsmengder det siste døgnet har fleire elvar i kommunane Stryn og Gloppen gått over breiddene sine, og teke med seg både vegar, bruer og bygningar.
I Utvik i Stryn har Storelva teke med seg to bruer på fv. 60, Storelva bru ved Utvik sentrum i retning Olden og Utvik Nedre på starten av oppstiginga mot Utvikfjellet. I tillegg er det store skader på vegane fleire stadar. Utvik er no utan vegsamband. Fv. 725 mellom Utvik og Moldreim og fv. 60 mellom Utvik og Olden er stengde ved innkøyring til Utvik. Fv. 60 er dessutan stengd over Utvikfjellet.

E39 i Gloppen opna att
Tidlegare i dag var òg E39 Breimsvegen stengd fleire stadar ved Byrkjelo og Breimsvatnet.
- Vatnet har no gått litt tilbake, og me har opna E39 for trafikk att, fortel Eivind Yttri, fungerande avdelingsdirektør i Vegavdeling Sogn og Fjordane. Vegen er køyrbar, men har framleis skader fleire stadar. Ved Gullkista, på nordsida av Breimsvatnet, har elva reist med deler av vegen, og berre éi vegbane er open. Det er styrt trafikkavvikling på staden.

Truleg stengd fv. 60 i ei veke
På fylkesveg 60 må ein bu seg på stenging i minst ei veke. Her er det store materielle skader. Vegen er heilt skyld vekk fleire stadar, og i tillegg er to bruer tekne av vassmassane.
- Det er framleis for mykje vatn på staden til at vi kan ta oss fram til området, opplyser Yttri. Utover dagen i dag er det meldt mindre nedbør, og so fort vatnet går ned vil vi sende inn folk som kan vurdera skadeomfanget og moglegheitene for tiltak. Me vil ha betre oversikt over situasjonen, og tidsperspektivet på oppryddingsarbeidet, i morgon.