Siste frå politiloggen. (Illustrasjonsfoto)

Til sjukehus med luftambulanse

Ein person vart sendt til Førde sentralsjukehus med luftambulanse og to til legevakt med ambulanse etter at to bilar kolliderte på Fv55 mellom Skaret og Linde på vegen melom Balestrand og Høyanger søndag ettermiddag.

Ulukka skjedde noko før klokka 1500 søndag ettermiddag og alle naudetatar rykte ut til staden. Dei involverte er i 50-åra melder politiet. Vegen vart stengt i fleire timar etter ulukka.

• • •

Tre personar måtte få behandling av ambulansepersonell etter at det natt til måndag vart meldt om røykutvikling i eit bustadhus på Kaupanger. Dei tre vart dimmitert på staden, skriv Helse Førde AMK. Røykdykkarar gjekk inn i huset og fekk raskt kontroll på situasjonen.

Laurdag rykte naudetatane ut til eit hotell i Florø etter meldingar om røyk. Etter at hotellet var grundig sjekka kunne dei slå fast at det ikkje var snakk om brann.

• • •

Tre personar vart laurdag pågrepne for bruk og oppbevaring av narkotika i Førde laurdag.

I Årdal vart ein person pågrepen av politiet for sal av narkotika laurdag.

I Florø er ein person meld etter brot på besøksforbud.

Same stad er ein person meld for urinering på offentleg stad.

På Årdalstangen er det meld om to stolne gassflasker frå ei campingvogn.

• • •

I Måløy vart det gjort skadeverk på ei bedrift. Politiet skriv at dei kjenner gjerningspersonane og vil følgje opp saka.

Frå Kalvåg har politiet fått tips om at fleire mindreårige køyrer rundt på ATV og moped. Denne saka vil også politiet følgje opp over helga.

• • •

Ti førarar fekk forenkla førelegg i ein fartskontroll på Rv5 ved Svarthumle i Flora søndag kveld. Høgst fart i 80-sona vart målt til 96 km/t.

• • •

I ein kontroll Statens vegvesen hadde på Kjøs kontrollplass søndag vart to sjåførar vart melde for brot på køyre- og kviletidsregelverket. Den eine sjåføren hadde brot på døgnkvil og den andre sjåføren køyrte på ein annan sjåfør sitt sjåførkort.

I tillegg vart ein sjåfør pålagt å sikre lasta si før vidare køyring og eit køyretøy vart avskilta på grunn av manglande periodisk køyretøykontroll.