Utsikt frå Engebøfjellet i Naustdal i Sogn og Fjordane, der Nordic Mining har planar om å vinne ut mineralet rutil. SV fekk ikkje Stortinget med seg på å behandle spørsmålet om gruvedeponi i Førdefjorden på nytt. Foto: Marit Hommedal/NTB scanpix/NPK.

Stortinget sa nei til omkamp om sjødeponi

Stortingsfleirtalet avviste torsdag omkamp om etablering av sjødeponi i Førdefjorden i Sogn og Fjordane og Repparfjorden i Finnmark. Det skal vere høg terskel for å gjere om forvaltingsvedtak, var gjennomgangsmelodien i Stortinget.


KrF valde likevel saman med MDG å støtte representantframlegget frå SV om å behandle gruvedeponi-løyvet til Nordic Mining i Førdefjorden i Sunnfjord på nytt. Løyvet til gruvedeponiet i Kvalsund i Finnmark var det derimot berre SV og MDG som gjekk inn for å behandle på nytt.


Ap, Høgre, Frp, Sp og Venstre gjekk alle imot ein omkamp om sjødeponia og forkasta framlegget frå sju SV-representantar.



KrF mot Førdefjord-deponi

Saksordførar Tore Storehaug (KrF) la ikkje skjul på at dette er ei nær sak for han som son av ein fiskar frå Førdefjorden. Han la stor vekt på at gruveprosjektet i Engebøfjellet i Naustdal har endra seg mykje etter at Nordic Mining fekk løyve til å etablere sjødeponi i fjorden i 2016.


– Mellom anna er rutil no eitt av to produkt ein skal ta ut. Prosjektet har gått frå vere eit reint rutil-prosjekt til no å vere eit rutil- og granat-prosjekt. Talet på arbeidsplassar som blir skapte, er ganske kraftig nedjustert, driftstida er nedjustert, mens lengda på dagbrotet er oppjustert, sa Storehaug i Stortinget.


I Kvalsund har det derimot ikkje komme fram ny informasjon som har endra føresetnadene for gruvedrifta og sjødeponiet der, meiner KrF.



– SV testar Venstre

Leiaren i energi- og miljøkomiteen, Ketil Kjenseth (V), peika på at SV og Venstre før har stått saman om dei to fjord-deponia, men at forvaltingsvedtaket no er gjort. Kjenseth meinte forslaget frå SV eigentleg er ein test på i kva grad Venstre er i stand til å utfordre regjeringa innanfrå.


– Forslaget frå SV er i realiteten ein omkamp, der ein testar ut om Vestre i regjering kan klare å stoppe eit stort fleirtal i Stortinget og ta ein omkamp innanfrå i regjeringa, sa Kjenseth.


Partifelle og klima- og miljøminister Ola Elvestuen gav i Stortinget ingen signal om indre opprør i regjeringa, snarare tvert om.


– Vedtaka om å gi løyve i desse to sakene er allereie tatt, og generelt er det høg terskel for å gjere om på forvaltingsvedtak. Det har ikkje komme fram nye opplysingar som gir grunnlag for å behandle sakene heilt ut på nytt, sa Elvestuen.



Jeløya-erklæringa

Miljøministeren viste likevel til at spørsmålet om sjødeponi er grundig drøfta i Jeløya-erklæringa. Der heiter det at regjeringa skal lage ei utgreiing om konsekvensane av eit framtidig forbod mot sjødeponi, og det skal ikkje delast ut nye sjødeponiløyve i denne stortingsperioden. Regjeringa skal dessutan evaluere minerallova for å sikre at miljøomsyna er godt nok varetatt der.


– Dette er ny politikk som eg er godt fornøgd med, slo miljøministeren fast.


Forslagsstillar Lars Haltbrekken (SV) måtte konstatere at Venstre ikkje så lett snur i regjering, heller ikkje når det er nye opplysningar i saka.


– Kva skal til for at Venstre og regjeringa snur i spørsmålet om å tillate at Førdefjorden og Repparfjorden blir nytta som søppelplass for gruveindustrien? spurde Haltbrekken.


– Slik det er no, har det ikkje komme opp nokon endringar som er store nok til at det er grunnlag for å ta saka opp på nytt. Det må store endringar til for å gi grunnlag for å ta saka opp på nytt, svarte Elvestuen, som elles ikkje kunne seie noko meir om kva endringar som eventuelt kunne vere store nok. (©NPK)