Stengde vegar blir vurderte kl. 12.00

Både E39 Skei-Førde, Fv 451 Vassenden-Kjøsnes, Fv 615 Hestenesøyra-Hyen og Fv 691 Tverrelva bru på strekninga Gjengedal - Aa er onsdag morgon stengde på grunn av ras. 

Vegvesenet skal kl. 12.00 i dag gjere nye vurderingar av kva tid desse vegane kan opnast att.