Sandane tok revansje og vann 2-0 over Kaupanger.

Sandane senka Kaupanger

Etter eit surt tap i vårsesongen mot Kaupanger, tok Sandane revansje på heimebane. Det var Jonas Løvland sterkt delaktig i. Han scora det siste målet og stod bak det første.

Sandane er tilbake på vinnarsporet og tok sin andre trepoengar på rad. Dermed har laget absolutt heng på laga over. Kampen synte nok ein gong at når dei rutinerte spelarane er med, er Sandane eit lag dei fleste vil slite mot.
Kontroll
Det vart ein jamn kamp reint spelemessig, men utan dei mange store sjansane. I den grad det var sjansar, sytte heimelaget for dei. Det næraste Kaupanger kom, var på tampen av første omgang med eit frispark i tverrliggaren.
Mange duellar, høge ballar og lite fint spel prega oppgjeret. Eit unntak var då Sandane elegant spelte seg gjennom etter eit initiativ frå Jonas Løvland der Ingebjørn Mundal sette forsvaret ut av spel med ei kortpasning til Thomas Dyrrdal som såg det ledige rommet og stakk gjennom. Det andre og siste målet i kampen kom då Jonas Løvland igjen var på farten. Han krangla seg forbi forsvaret og sette ballen i mål via stolpen frå svært skrått hald. Ein fortent siger.


Les spelarane sine kommentarar i måndagsavisa