Risikerer tre års fengsel

Ein nordfjording i 50-åra er sikta for å ha motteke, oppbevart og delt filer som viser born som blir utsette for seksuelle overgrep og/eller seksualiserer born, melder NRK Sogn og Fjordane.

På datamaskina til mannen fann politiet 230.000 bilete og nær 700 videoar av overgrep mot born.

Det var i oktober 2014 at mannen vart pågripen og varetektsfengsla i åtte veker. Pågripinga skjedde etter at Kripos vart varsla av Interpol i England om at ein nordmann var aktiv i deling av overgrepsbilete av born.

Under etterforskinga kom politiet over langt fleire enn dei 246 bileta og 14 videoane saka starta med. Frå 2004 til han vart pågripen i 2014 skal mannen jamleg ha motteke, oppbevart og delt filer med andre.

Mannen er tiltalt for brot på Straffelova paragraf 204 a. Denne omhandlar barnepornografi og set forbod mot framstillingar av seksuelle overgrep mot born og framstillingar som seksualiserer born.

Saka skal opp i Fjordane tingrett i slutten av november. Det er sett av to dagar til handsaminga.