Tømrarfaget utgjorde den største gruppa av fagbrevmottakarar. Foto: Jørn-Arne Tomasgard/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Rekordmange opplevde stolt augneblink

Om lag 170 mottakarar av fag- og sveinebrev var til stades under utdelinga på Hotel Alexandra fredag kveld. Det har aldri vore fleire.

Det var stil over utdelinga, med dresskledde karar og kvinner i flotte kjolar. Nokre bunadar var også å sjå denne festkvelden i Loen.



– Eg er stolt av meg sjølv. Dette er kjempekjekt. Det er takka vere mykje hardt arbeid eg står her i dag, seier Ellen Synøve Prestvik.

Ho var einaste kvinne blant mange menn som tok imot fagbrev i elektrikarfaget.

– Eg gjekk to år på elektro på vidaregåande på Eid, og var to og eit halvt år som lærling hjå Sætren Installasjon i Måløy. Der jobbar eg framleis, og det har eg tenkt å halde fram med. Eg stortrivst med yrkesvalet, fortel ho.

Fiskarbrør frå Hyllestad


Brørne Kent Rune og Håkon André Hatlem frå Hyllestad tok imot fagbrev i fiske- og fangstfaget.

– Vi vaks opp med fiskeri, så det var ein naturleg veg å gå. Vi gjekk på vidaregåande skule i Måløy, og var ferdige for tre år sidan. Etter det har eg vore lærling på fiskebåt i Kalvåg. No er eg på jakt etter ny båt å jobbe på. Bror min går vidare på teknisk fagskule, fortel Kent Rune.

– Avgjerande for innovasjon og utvikling

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, la vekt på kor mykje utdanning betyr for samfunnet, då ho ønskte velkomen til utdelinga.

– Det er heilt avgjerande for innovasjon og utvikling, noko vi er avhengig av for å skape eit godt næringsliv i Sogn og Fjordane. Eit fagbrev gjev personleg utvikling og tryggleik for den einskilde. Dette er kjernen i samfunnsutvikling. Fagfolk medfører auka konkurranseevne, sa fylkesdirektøren.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner fagarbeidarane må få auka status.

– Fagarbeidarane er kanskje dei aller viktigaste når det kjem til verdiskaping. Utan den produserande arbeidskrafta stoppar verdiskapinga. De må gå ut og vere stolte av dykk sjølve, vi alle må jobbe for å auke statusen til fagarbeidarane, sa ho.

– Vinnarfylke

Holger Aasen, seniorrådgjevar i arbeidsgjevarorganisasjonen NHO og leiar i fagopplæringsnemnda, viste til at det har vore mykje negativ omtale av Sogn og Fjordane den siste tida, noko han ikkje kjende seg att i.

– Eg meiner vi er eit vinnarfylke, berre sjå på dykk som sit i salen her. Men skal vi halde fram med å vere det også i framtida, må de ta ansvar. De er ein utruleg viktig ressurs for fylket vårt. Signala frå næringslivet er at det er skrikande behov for fagarbeidarar, sa han til forsamlinga.

Det same påpeika Nils Petter Støyva, distriktssekretær for fagorganisasjonen LO. Han var sistemann på talarlista.

– Å snakke om kompetansearbeidsplassar utan å inkludere fagarbeidarar er heilt feil. Å vere fagarbeidar krev høg kompetanse. Statusen må aukast, for næringslivet i fylket vårt skrik etter kompetanse. Samstundes er det alt for få som kjem gjennom på normert tid, berre 25 prosent. Det er noko både politikarar, foreldre, lærarar, skule og elevar må jobbe med, sa Støyva.

Dei som tok imot fagbrev i elektrikarfaget på Hotell Alexandra fredag kveld. Ellen Synøve Prestvik frå Stadlandet var einaste kvinne blant mange menn. Foto: Jørn-Arne Tomasgard/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Elevar frå Firda vidaregåande underheldt, her solist Vilde Nesbakk frå Bremanger. Foto: Jørn-Arne Tomasgard/Sogn og Fjordane fylkeskommune