«På lokalet» blir vist 18 gongar rundt i fylket i løpet av mars månad. Foto: Espen Nyttingnes, Sogn og Fjordane Teater.

«På lokalet» kjem til Skei

Sogn og Fjordane Teater viser suksessen «På lokalet» i Jølster Samfunnshus 16. mars.

I 2016 turnerte Sogn og Fjordane Teater med danseteateret «På lokalet» rundt omkring på ungdomshus i heile fylket. Frå Solund i vest til Feios i aust, frå Stadlandet i nord til Eivindvik i sør. Ingen såg for seg kor omsverma teateret skulle bli. Det var lange køar og trengsel i døra. Publikum blei stabla i høgda, men dessverre måtte fleire gå slukøyra derifrå. Det var rett og slett ikkje plass. Sogn og Fjordane Teater sette opp ekstraframsyningar og la til spelestader, men til slutt var det inga bøn. Siste klinedans tona ut. No er det klart for ønskereprise, og denne gongen går turen til dei som blei «veggpryd» i første runde. «På lokalet» kjem til samfunnshuset på Skei 16. mars!

 

[video width="1920" height="1080" mp4="https://www.firdatidend.no/wp-content/uploads/2018/03/soft_viser-paalokalet.mp4"][/video]

I døra til samfunnshuset blir du møtt av skodespelar og songar Idun Losnegård i rolla som dama med nøklane. Du veit, ho som låser opp og igjen dører og syter for at alt går riktig for seg. Ho tek vare på deg og alle og huset og heile framsyninga. Ho moppar og kjeftar, og innimellom tek ho seg ein blås. Det er òg Idun som bind heile framsyninga saman med songane som vi kjenner att, blant anna "Fru Johnsen", "Wonderful tonight" og "The winner takes it all".

Det er hælane i taket og høgt tempo på dansegolvet. Dansarane går inn og ut av tidsriktige klede og dansetrinn. Vi er innom etterkrigstida med leggevatn og hårrullar. 50-talet med boggie-woogie og store underskjørt. 60-talet med gabardinbukser og heimespøta kofter. 70-talet med slengbukser og rysjeskjorter og avsluttar i 80-talet med pastellfargar og skulderputer.

«På lokalet» løftar teateret ut av kultursalar og inn på forsamlingshus, og vi får sjå korleis desse husa er blitt brukte opp gjennom åra. Sjølv om du såg stykket i første runde, er det ingen grunn til å gå glipp av reprisen. Spelestadane er nye og nokre av dansarane er erstatta. Men åresalpremien er framleis med, og kanskje er det nettopp du som er den heldige som får med deg denne!

I «På lokalet» er det både nostalgisk musikk og mange detaljar å fortape seg i. Det er som når du endeleg får legge armane rundt ho fine og svinge henne ømt i dansen. Du vil aldri at det skal ta slutt. Velkommen til dans på lokalet!