Illustrasjonsbilete.

Nytt frå politiet

Sikta for vald mot Veronica
Mannen som tidlegare er sikta for falsk forklaring i Veronica-saka er no sikta for vald mot jenta som vart funnen død i nærleiken av heimen sin i Sogndal i november. Politiet meiner at mannen, som er i 40-åra, var den siste som såg den 22 år gamle kvinna i live. No har dei sikta han for lekamsskading i tidsrommet då Veronica Heggheim Stegegjerdet forsvant.

Kvinne køyrt heim
Patruljen køyrde heim ei kvinne som tiltrekte seg mykje merksemd ved ein sjenkestad i Flora natt til søndag. Litt seinare fekk ein mann pålegg om å forlate Florø sentrum etter at han hadde laga bråk på ein utestad.

Bråk i Sogndal
Politiet fekk natt til søndag melding om at ein person hadde teke tak i ei rute på ein bil og reiv slik i ruta at ho gjekk sund. Politiet fekk påvist gjerningsmannen. Litt seinare kom patruljen over to personar som låg tidvis på bakken og slost. Dei to mennene vart skilde. Forholdet vert meldt.

Bråk i Førde
Politiet vart tilkalla etter melding om slåsting på ein utestad i Førde natt til søndag. Patruljen skilde fire personar, og dei fekk pålegg om å gå kvar til sitt. Ein mann vart teken hand om av politiet og sett i arresten då han prøvde å hindre politiet i å utføre ei tenestehandling. Personen var rusa.

Utfor vegen i Oppstryn
Ein bil med to personar køyrde av vegen på Rv 15 i Oppstryn laurdag. Ambulanse reiste til staden for kontroll av personane, dei vart tekne med til lege for kontroll.

Luftambulanse henta mor og barn
Laurdag køyrde ein personbil med to personar av vegen ved Barmsundet på Fv 618 i Selje. Mor og eit barn på tre år vart frakta til sjukehus i Ålesund med luftambulanse. Skadeomfanget er ukjent. Bilen hadde fått skrens og hamna i ein fjellnabb på oppsida av vegen ved ferjekaia til Barmen.

Alle edru på Sandane
UP hadde ein promillekontroll på Sandane laurdag føremiddag. 73 bilførarar vart kontrollerte, ingen utslag.

Kollisjon i Hornindal
Laurdag føremiddag var det kollisjon mellom to bilar mellom Kjøs Bru og Hornindal. Til saman seks personar var involvert. Det er ikkje meldt om personskade. Ambulanse vart sendt til staden for kontroll. Eit barn på fem år vart sendt til lege for kontroll etter trafikkuhellet.

Gjekk i feil hus
Fredag morgon fekk politiet melding om at ein person prøvde å ta seg inn i eit hus i Førde der han ikkje hadde noko å gjere. Politiet reiste til staden og trefte ein rusa ungdom i tenåra som hadde gått til feil hus. Patruljen hjelpte han heim til rett adresse.