Biletet viser ein 3D-render av dei tre nybygga som Brødrene Aa skal levere til Boreal Transport Nord AS.

Ny storkontrakt til Brødrene Aa

Fredag ettermiddag signerte Brødrene Aa i Hyen ein ny storkontrakt og skal byggje tre nye snøggbåtar til bruk på Sunnmøre. Boreal Transport Nord AS har sikra seg drifta av dei fire snøggbåtrutene Hareidruta, Langevågsruta, Nordøyruta og Romsdalsruta frå 2017.

Tre av fire båtar som skal trafikkere Hareidruta, Langevågsruta, Nordøyruta og Romsdalsruta frå 2017 blir nye, og dei nybygga er det Brødrene Aa som skal levere. Det kan no dagleg leiar, Tor Øyvin Aa, endeleg bekrefte etter at verftet signerte kontrakten fredag ettermiddag. Båtane skal sjølvsagt byggjast i karbonfiber, ein byggemetode Brødrene Aa har spesialisert seg på og også gjort gode pengar på dei siste åra.

– Vi signerte kontrakt med Boreal på fredag ettermiddag og informerte dei tilsette på julebordet laurdag kveld, opplyser Tor Øyvin Aa.

Beste tilbodet
Møre og Romsdal fylkeskommune har gjort tildeling av ny bruttokontrakt for drift av snøggbåtar i Møre og Romsdal frå 01.01.2017 med Boreal Transport Nord AS. Btane skal segle under merkevara FRAM som omfattar kollektivtilbodet i fylket.

Boreal vann anbodet for snøggbåtdrift i Møre og Romsdal framfor Norled som i dag opererer rutene. Reiarlaget i Hammerfest gav det beste tilbodet på pris og alder på farty, og får tildelt drifta av de fire snøggbåtsambanda frå 01. januar 2017. Drifta av dei fire snøggbåtrutene Hareidruta, Langevågsruta, Nordøyruta og Romsdalsruta er på om lag 416 000 rutekilometer i året, og er tildelt for åtte år, samt opsjon på ytterlegare to år.

Treng meir folk
– Brødrene Aa har levert to nybygg til Boreal Transport i haust, så reiarlaget har allereie erfaring med våre farty. Båtane skal trafikkere rutene Ålesund - Hareid, Molde - Vestenes og Ålesund - Langevåg. To av fartya tar 147 passasjerar, den største tar 199 passasjerar. Vi skal levere to av dei nye fartya hausten 2016, og det tredje skal leverast i mars 2017, opplyser Tor Øyvin Aa.

– Dei tre nybygga kjem i tillegg til eksisterande kontraktar på ”Seasight” til The Fjords og to 275 passasjerars farty til CKS i Hongkong. Kontraktane fører til at Brødrene Aa treng å auke tal tilsette med 15-20 personar fram mot sommaren 2016. Vi har i dag 130 tilsette. Fleire tilsette og mangel på bustadar i Hyen er bakgrunnen for planane om oppsetjing av brakkerigg som avisa skreiv om før helga, forklarar Aa.

Les heile saka i papiravisa onsdag.