Tid for retur frå hytta med gode støttespelarar ved sida. Foto: Kari Skrede.

Martin fekk gratis flytur

I mange år har Martin Skrede (96) på Skei fått løyve til å bruke helikopter for å komme seg til hytta på Skrestøylen. Det handlar om ein tur for året etter at helsa sette stopp for å komme seg til støls for eiga maskin.

Fest
Helikopterturen til Fyglastøylen har vore ei årleg hending sidan 2006. Den har alltid gått føre seg i august og alltid med same helikopterselskap; nemleg Fjord Helikopter i Stryn. Etter nokre år med landingsløyve, vart det eit år plutseleg nei til ny helikoptertur, noko som førde til mediaoppslag og lesarstorm i fleire aviser.
— Kommunen snudde den gongen og sidan har det gått greitt, fortel Martin som har denne turen til hytta som eit årleg høgdepunkt. Sist helg var det klart for ny helikoptertur, etter at landingsløyve var på plass og dei som kallar seg vertskap, Kari og Wilhelm Skrede, hadde ordna med det praktiske og sto klare for å ta i mot då helikopteret landa ved hytteveggen laurdag føremiddag. Ved hytta venta ikkje mindre enn 24 gjester som var samla for å feire Martin sin bursdag dagen etter.
— Det vart ein skikkeleg fest, og ein flott dag fortel jubilanten som også fekk seg litt av ei overrasking denne dagen.
Helikopterpresang
— Eg har brukt same helikopterselskapet kvart år, og no har det også vore same piloten to år på rad, fortel Martin som nesten ikkje finn ord, når han skal beskrive den servicen han har opplevd frå folka i helikopterselskapet.
— Du skal få ein billeg tur denne gongen, fekk eg høyre då eg ringde for å bestille årets tur. Då helikopteret kom, så spurde piloten om det var nokon plass eg hadde lyst å sjå, og eg svara Grovabreen. Ja vel, då reiser vi dit, sa piloten og eg fekk meg ein fantastisk tur over breen, ein plass eg aldri har vore. Det var rett og slett ei stor oppleving, fortel Martin som er sikker på at denne turen vil han aldri gløyme.
Etter åtte timar på hytta, så var det tid for retur, men ikkje kortaste vegen ned att. Nei, turen gjekk nordover, med ein sveip over Førs og Breimsvatnet før landing på Skei
— Heile moroa kosta ingen ting, dei spanderte turen og eg vart dressa opp med jakke, T-skjorte og hue. Eg har fått ein fantastisk service og ei utruleg oppleving, noko eg er svært takksam for, seier ein både glad og litt rørd helikopterturist.


Meir om saka i papiravisa fredag.

Martin fekk seg ein flott tur med utsikt til JølsterfjellJølsterfjell. Midt i biletet Orkja og i bakgrunnen Bjørsetfjellet. Foto: Chona Bergheim
Martin med hjelparane sine. Chona Bergheim (t.v.)som var med på helikopterturen og brordotter KariSkrede som var vertskap på hytta.