Makt og avmakt

Før i tida var det noko ein kalla distrikts-Høgre, eller enda meir populært bunads-Høgre som vart eit omgrep i populære Erling Norvik si styringstid. Det var politiske krefter med betydelege kvalitetar og nødvendig korrektiv for den ofte urbant prega sentralmakta i partiet. Det er ikkje mykje vi finn igjen av desse kvalitetane i dag. Det er dessverre lite reell makt igjen i Høgre ute i distrikta, ein ser ikkje sterk vilje til å kjempe for saker som faktisk er svært viktige for oss som bur her. I staden for bunads-Høgre har det vorte vel mykje servil-Høgre som legg seg flate for og vert sandpåstrøarar til det som vert bestemt i Oslo. Lojalitet er sjølvsagt bra, sameleis at ting nok vert litt annleis når ein sit med regjeringsmakt. Men når ein blir ukritiske tenarar for sentralistane i hovudstaden, då vil mange i distrikta spørje seg om kvifor dei fortener støtte.

Det burde faktisk vere viktig å fortelje sitt eige moderparti kva folk i Sogn og Fjordane, vi er sikre på også dei fleste høgrefolk, verkeleg meinte om sentralisering, og andre viktige saker som no er i ferd med å få svært alvorlege konsekvensar for fylket vårt. For kjem det ikkje kritiske røyster, er det også lite håp om at partiet vil endre kurs, og endrar dei ikkje kurs vil støtta forsvinne.

Les heile leiaren i papirutgåva onsdag.