Lokale tilbod er viktige

I siste avis kunne vi fortelje om to butikkar som skal leggast ned på Sandane. Eurosko etter 28 års drift her, Bunnpris er ikkje så gamal i Sandane senter, men er ei forlenging av matbutikkane som har vore der sidan senteret vart bygt.

Dette er sjølvsagt trist for kundane, dei som jobbar der, for senteret og for kommunesenteret som handelsstad.

Men det er også forståeleg at ein ikkje kan halde det gåande dersom det ikkje går rundt. At butikkar kjem og fer er ikkje noko nytt, det skjer alle plassar og det er litt av sjølve dynamikken i å drive handel. Men dersom det blir ein trend, at kommunar og bygdesenter på denne måten vert utarma, er det ei utvikling som er sterkt beklageleg for distrikta.

For Sandane sin del veit ein at også Prix og Mega snart forsvinn, for å bli erstatta av Coop Extra. Det siste ei spennande etablering. Men altså ein matbutikk til mindre.

Les heile leiaren i papirutgåva måndag.