Krinsrekord av Thomas

Glopparen Thomas Mardal sette ny krinsrekord i slegge med eit kast på 69,30 meter under eit collegestemne i Florida fredag, melder Gloppen Friidrettslag på heimesidene sine. 

Thomas var sjølv lite nøgd med konkurransen, og karakteriserer kastinga som dårleg teknisk, i tillegg til at han hadde lite overskot på grunn av hard trening i perioden etter at innandørssesongen vart avslutta. Dette lovar godt med tanke på endå lenger kast seinare i sesongen.

Han var også med i diskos, der han vart nr.2 med resultatet 52,11m, 86centimeter bak persen.