Listetoppane i Gloppen møtte representantar for bondelaga i Gloppen.

Klar melding til listetoppane i Gloppen

Bondelaga i Gloppen kom med ei klar melding til listetoppane om å vere ei røyst innover mot partileiinga framfor årets landbruksoppgjer. Særleg gjeld det regjeringspartia og støttepartia.

Bondelagsleiarane i Gloppen prioriterte deltaking i ein landsomfattande aksjon for å fokusere på rammevilkåra i landbruket framfor våronna nokre timar onsdag.

Ei røyst innover
Dei hadde invitert listetoppane til Heradsplassen. Alle stilte opp, minus Samfunnsdemokratane som ikkje hadde høve. I tillegg til dei lokale bondelagsleiarane deltok styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag Nils Magne Gjengedal. Han streka sterkt under kor viktig landbruket er for sysselsetjing, busetjing og levande kulturlandskap i heile landet.
– I fjor prøvde landbruksministeren å skape indre splid blant bøndene, men lukkast ikkje. No må de som potensielle ordførarar i Gloppen fortelje kva de vil gjere for landbruket og verne oss som produserer maten vår, var utfordringa hans. Han streka under at listetoppane har eit viktig ansvar, særleg representantane for regjeringspartiet Høgre som stilte med Anniken Rygg og Svein-Ottar Sandal og Ragnar Eimhjellen frå støttepartia KrF og Venstre.
– De må vere ei røyst innover mot moderpartia og regjeringa, slo Gjengedal fast.


I fredagsavisa kan du lese kvifor bøndene aksjonerte