Jon Rolf Skamo Hope (17) frå Hyen tok ein kjempesterk tolvteplass totalt og ein tredjeplass i klasse M17-18 i Skarverennet laurdag. (Arkivfoto)

Kjempeløp av Jon Rolf i Skarverennet

17-åringen Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen slo svært mange av eliteløparane i årets skarverenn, mellom andre sjølve idolet sitt, Petter Northug. Han spurta inn til ein sterk 12.plass uansett klasse, og i tid berre slegen av Vebjørn Hegdal frå Larvik Ski i sin klasse. Jon Rolf fekk lik tid med skulekameraten på NTG Geilo, Thomas Bucher-Johannessen (18). Hyaren hadde tåspissen først over målstreken, men vart dømd bak fordi tidtakarbrikka var festa på startnummeret.

Første forsøk
– Det var første gongen eg starta i Skarverennet, og eg var veldig spent på å gå saman med dei store. Eg fekk ikkje starte i elitepulje men måtte stille eit par hundre meter bak. Det vart difor litt tungt i starten for å ta igjen eliten. Eg gjekk ei stund bak Petter Nothug, men han hadde nok ikkje dagen, for det gjekk for seint, fortel det unge skitalentet.

Det vart altså ein svært sterk 12.plass totalt og ein 3.plass i klasse M17-18. Førsteplassen gjekk til Vebjørn Hegdal frå Larvik Ski som fekk starte i elitepulje. Han gjekk eit svært sterkt løp og vart nr. 4 totalt i rennet.

Toppidrettsgymnas
Jon Rolf går første året på Noregs toppidrettsgymnas på Geilo. Der skal han gå i to år til. Sommarferien startar tidleg i juni.
– Det er veldig godt opplegg og strålande skiforhold her oppe, og eg trivst veldig godt. Eg har personleg trenar og har utvikla meg mykje sidan eg kom hit, seier Jon Rolf Skamo Hope.