Tre nøgde karar på Idrettsbasaren i går. Stipendvinnar Jon Rolf Skamo Hope flankert av leiar for stiftinga Arnfinn Brechan t.h. og leiar i Hyen Idrettslag, Bjørn Rygg.

Jon Rolf fekk første stipendet

Ingen tvil om at 16-åringen er ein verdig vinnar av det alle første stipendet i ei lang rekkje frå Hjorteset si stifting, som vi omtala i fredagsavisa. Det var under Idrettsbasaren i Hyen i går ettermiddag at utdelinga fann stad, til stor applaus frå ein fullsett sal.

– Optimal plass å vekse opp

Brechan er gift med systerdotter til Olav Hjorteset og har teke på seg å leie stiftinga som er under emning. Han fortalde at dette var noko Olav hadde tenkt på lenge.

– Han har ønskte å gje noko tilbake reint fysisk for ein god, stødig og lukkeleg barndom. Han ser på Hyen som ein optimal plass å vekse opp og idrettslaget som ein viktig faktor i dette, sa Brechan. Han håpa at stipendet vart ein stimulans for å halde fram med idretten for lovande utøvarar.