Ein rask spurt ut i isvatnet og så på land att. Foto: Vidar Feldt

Isen måtte brytast på nytt

For å få gjennomført årets påskeplask ved Helgheimskyrkja,  måtte isen brytast på nytt. Onsdag vart det nytta gravemaskin for å lage eit hol så konfirmantane skulle få bløyte seg.



 



 

Men dei kalde nettene i det siste gjorde at det hadde danna seg eit nytt islag på omlag åtte cm. Dette var det teke høgde for og gravamaskina sto parkert like ved. Dermed måtte Asle Dvergsdal starte opp endå ein gong, tidleg påskedagsmorgon, og isen vart fjerna.



Ikkje berre konfirmantar  

Det var omlag halvparten av dei 30 konfirmantane i Jølster som bada, i tillegg til presten, sjølvsagt. Det er ikkje første gongen det har vore bading med is på vatnet, men på dei 17 åra denne tradisjonen har eksistert, har det kanskje ikkje vore kaldare i lufta enn i år.

Han som tok initiativ til å lage hol i isen, Steinar Dvergsdal, hadde seg også ein tur ut i vatnet, i lag med konfirmantane. Dvergsdal er nestleiar i Jølster kyrkjelege fellesråd.

Is på vatnet og is i dungar på land, var ramma rundt årets påskeplask. Foto: Steinar Dvergsdal
Det var fyrt opp bål i fjæra til å varme seg på. Foto: Vidar Feldt
Det er alltid mange skodelystne til stades under påskeplask.