Aud Marit Skarrebo Holmen er årets kunstnar under galleriutstillinga i Vereide kyrkje i påska. Her er ho saman med initiativtakar Olaf Sigurd Gundersen.

Idébasert kunst på galleriet

– Eg er veldig spent på korleis kunsten min vil framstå i kyrkjerommet, konteksten vil påverke korleis publikum les verka, seier kunstnaren Aud Marit Skarrebo Holmen.

Tradisjonen tru blir det kunstutstilling på galleriet i Vereide kyrkje i påska. Opninga finn stad søndag kveld. Denne gongen skal det kunstinteresserte publikummet få bli betre kjent med ein litt utradisjonell kunstnar.

– Lurt å bruke tid

– Eg driv med konseptuell eller idébasert kunst, det vil seie at ideen er det mest sentrale. Utføringa er underordna, men eg ønskjer at utføringa skal framheve ideen, seier Aud Marit Skarrebo Holmen.

Ho er busett i Breim, har fleire ulike kunstutdanningar å vise til og ei rekkje utstillingar på CV-en.

– Folk les kunsten på sin måte. Éin ting er kva eg tenkjer det uttrykkjer, noko anna korleis kvar einskild oppfattar det. Eg håpar eg kan tilføre kyrkjerommet ei annleis oppleving enn den tradisjonelle kyrkjekunsten, seier Skarrebo Holmen og fortel at ho brukar ord, afrodismer og sjølvskrivne tekstar i kunsten.

Les meir i papirutgåva fredag.