Tre blad Farsund som kosa seg på konsert og som fall for Kari Malmanger. Den fjerde broren var reist før bildet vart teke. F.v.: Ove, Geir og Tom Farsund

- Ho var fantastisk

Etter ein opningskonsert der fylkesordførar, ordførar og fylkesdirektør for kultur, mellom andre, fekk høyre Dag Arnesen og hans trio tolke Grieg, var det duka for "Fjøsen og Kari Malmanger Band

Der var ingen stolar tome og publikum fekk ein konsert der kjende og kjære tonar og tekstar vart formidla av ei fantastisk stemme. Det handla om foketonar og meir tradisjonelle jazz ting, med eigenproduserte og omsette tekstar. Alt var på nynorsk og dama frå Hardanger, busett i Sogndal leverte ein konsert det verkeleg svinga av.

-Konserten vaks

På fjøsen møtte Kari Malmanger brødrene Farsund frå Førde. Dei har i mange år hatt som tradisjon å leige ei hytte i Dvergsdalsdalen for så å vere med på jazz-festivalen.

I starten var dei i Jølster under "Din Jølsterdag", men dei siste fem åra har det vore jazzhelg for dei tre karane som har funne ut at det er musikken under jazz-festivalen som passar dei best.

- Det gjekk litt tid før ho tok meg, men så sa det pang og etter det vaks konserten heile tida, sa Tom Farsund etter ein konsert og ein artist dei tre brørne rosa opp i skyene.



Meir om Jazz-festivalen i papiravisa måndag

 

Dage Arnesen trio, forsterka med fire strykarar, tolka Grieg på ein fram i frå måte.