Laurdag er det på nytt duka for Fiskesommar, denne gongen i Langedalen. – Vi inviterer til ein triveleg dag i lag med grunneigarane, seier Jarle Løken (t.h.). (Arkivfoto)

– Håpar mange tek turen

Laurdag 24. juni inviterer Gloppen Jeger og Fiskarlag til Fiskesommar 2017 ved Osen i Langedalen. – Vi håpar vêret blir bra og at mange born og unge vil ta turen, seier Jarle Løken.

Fiskesommar er ein sportsfiskekampanje der barnefamiliar frå heile landet kan delta. I Gloppen vert kampanjen markert med store arrangement både i Langedalen komande laurdag og ved Sandalsvatnet i Breim i august.

Jarle Løken håpar foreldre og føresette tek med seg borna på gratis fiskeopplevingar og grilling.

– Vi kjem til å setje ut garn på førehand, slik at alle som møter opp får høve til å smake nygrilla fisk. Vi stiller også med pølser og saft til dei som vil ha det. Eg vil oppmode folk om å ta med redningsvest, for her blir det høve til å vere med ut i båt. Gloppen Jeger og Fiskarlag har arrangert Fiskesommar fleire gonger, og desse tilskipingane har vore svært vellukka, fortel han, som er leiar i fiskeutvalet i laget.

Han legg til at Fiskesommar er eit tiltak retta mot born og unge. Målet er at dei skal oppleve glede ved å drive med sportsfiske.

Les meir i papirutgåva tysdag.