Deltakarane på Sogn og Fjordane Skrivelag sitt kurs kom frå tre fylke. Bak frå venstre: Åshild Margrete Østtveit Odéen (Austrheim), kurshaldar May Grethe Lerum, Agnes Pauline Thune (Selje), Lise Cathrin Slotsvik (Ellingsøy), Vegar Volle (Høyanger). Midtre rekkje frå venstre: Anne Marie Baugstø-Hartvigsen (Florø), Sigmund Haug (Nesttun), Monika Kvamme (Nordfjordeid). Framme frå venstre: Kari Leine Balog (Selje), Laura Marie Fure (Stadtlandet), Liv Ese (Balestrand), Elsa Norunn Håheim Nydal (Skei), Rune Hegrenes (Førde) og Johannes Eggen Mundal (Fjærland). (Foto: Ingvild Hegrenes)

Gullfunn i Selje

– Det er ikkje ofte eg opplever at alle deltakarane på ei skrivekurs leverer tekstar av solid kvalitet, men det var verkeleg tilfellet i Selje. Her var det skrivegull å finne, seier kurshaldar May Grethe Lerum etter Sogn og Fjordane Skrivelag si kurshelg.

Sogn og Fjordane Skrivelag, som har 30-års jubileum i år, har skrivekurs som eit årvisst arrangement. 20.–22. mars var 13 deltakarar frå store delar av fylket, og jamvel frå grannefylka nord og sør for oss, samla til kurs med May Grethe Lerum som kurshaldar. Lerum er sjølv ein mykje publisert forfattar, litteraturkritikar og forlagsredaktør.

– Det er ikkje ofte eg opplever at alle deltakarane på eit skrivekurs leverer tekstar av høg kvalitet, men det var verkeleg tilfellet i Selje. Her var det gull å finne, seier Lerum som mellom anna fortalde om kva som skal til for å skape historier som held på lesaren, korleis bruken av adjektiv virkar inn, kvar ein kan få hjelp og inspirasjon til å kome vidare som forfattar, og litt om korleis ein kan gå fram overfor forlag om ein ønskjer å få gitt ut ei bok.





Mellom øktene brukte deltakarane tida på å bli betre kjende med kvarandre og utveksle erfaringar. Før kurset hadde deltakarane sendt inn kvar sine tekstar inspirert av legenda om Sankta Sunniva. Laurdag nytta mange av dei høvet til å vitje Selja, for å oppleve klosterruinane på øya, Sunniva-kjelda og vandre i eit område med historisk sus. I nydeleg vêr vart dette ei flott oppleving.



Deltakarane var i alderen 14 til 85 år, og utforskar ulike litterære retningar. Dei har også ulike ønskje for kva dei vil oppnå som skribentar eller forfattarar. Nokre har alt gitt ut bøker, andre har lyst til å få ei bok utgitt, medan atter andre berre ønskjer å skrive godt utan at det dei skriv nødvendigvis skal publiserast.

Tilbakemeldingane er ikkje til å mistyde. Deltakarane rapporterer om eit givande kurs, ikkje berre med solid fagleg påfyll, men også mykje moro.

Illustrasjonsfoto frå Selja.
I nydeleg vêr vart turen til Selja ei flott oppleving. Her er deltakarane på veg om bord i Klosterbåten for å returnere til fastlandet. (Foto: Lise Cathrin Slotsvik)
Før kurset hadde deltakarane sendt inn kvar sine tekstar inspirert av legenda om Sankta Sunniva. Namnet Sunniva tyder «sola si gåve». (Foto: Lise Cathrin Slotsvik)