Gratulerer med opprykk!

I dag skal vi gratulere Gloppen sitt herrelag i handball med opprykk til 2. divisjon.

For eit drama det vart! Heile tre kampar måtte til for å skilje glopparar og stryningar om posisjonen som det beste herrelaget i fylket. Gloppen kom som outsider etter å ha vunne 3.divisjon suverent, medan Stryn hadde ein sesong med 2. divisjonsspel i bagasjen, og var eigentleg litt uheldig på slutten slik at dei hamna i kvalik. Med dette som utgangspunkt og med fleire utanlandske spelarar på laget, var dei nok favorittar mot det unge GHK-laget.

Men glopparane ville ikkje gje naboane noko gratis. I første kampen vann stryningane med eitt mål i Trivselshallen. I Stryn svara GHK med same mynt, og hadde faktisk gode sjansar å sikre opprykket i sluttminutta. Men det vart eitt mål meir, og dermed den tredje og avgjerande bataljen på nøytral bane i Førdehuset. Og jammen vart det ikkje same dramaet for tredje gong! Glopparane nekta rett og slett å tape, og anført av ein strålande opplagt Jens Christian Andenæs, sikra dei seg sigeren på slutten og vann fortent.

Les heile leiaren i papirutgåva fredag.