God dag for handballen
Dette var dagen då dei raudkledde av begge kjønn måtte ta poeng. Herrane for å halde liv i opprykkshåpet, damene for å komme seg unna botnstriden. Begge innfridde.
Damene spelte heime mot NHHI og i ein relativt jamnspelt kamp var glopparane eit hakk kvassare enn studentane frå Bergen og vann til slutt 25-22. Heidi Sægrov vart kåra til beste spelar på Gloppen, vel fortent.
I Bergen spelte Herrane mot Åsane og vann med 4 mål. Dermed er dei to første av fire kampar i helga avvikla med positivt resultat.