Fin tur og mykje folk på Blånipa. Foto: Jan Arve Heimsæter

Friluftshelga er i gang

Det som har blitt til meir eller mindre ei friluftsveke starta med kulturvandring på Hope tysdag, eit arrangement som var godt besøkt, etter det vi har fått vite.

I går var det fjelltur frå Eimhjellevassenden til Blånipa. Også der var det mange med. 44 tobeinte og fem hundar starta og til toppen av Blånipa kom det 33 menneske og fire hundar, ifølgje dei som var med.

Fin utsikt

-Frå toppen av Blånipa (1121m.o.h.) er det fin utsikt i alle retningar og det var ein fantastisk fin tur, med skyfri himmel og nesten vindstille, fortel Jan Arve Heimsæter som var ein av deltakarane på turen. Turen tok fem timar opp, og på nedturen var det mange som bada i småvatn og pyttar som vart passerte. Ein flott tur der den yngste sat i bæremeis og den eldste var 75 år, får vi fortalt.

 



Meir om friluftshelga i tysdagsavisa

 

 

Lang rekke på veg mot toppen. Foto: Jan Arve Heimsæter.