– Viktig å sjekke skattekortet, seier avdelingsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatt Vest.

Fleire får restskatt

No kjem skatteoppgjeret.
Skatteoppgjeret for inntektsåret 2015 er no klart. For skattytarar i Sogn og Fjordane inneber dette ei auke i restskatten og at litt fleire får pengar igjen.
Skatteoppgjeret viser resultatet av Skatteetaten si behandling av sjølvmeldinga. Det viser om skattytar har betalt for mykje eller for lite skatt i løpet av inntektsåret 2015. I Sogn og Fjordane får 68 128 skattytarar i pengar igjen på skatten. Totalt dreier dette seg om 875 millionar kroner, noko som gjennomsnittleg er 12 850 kroner kvar. Til samanlikning hadde 68 063 skattytarar året før i gjennomsnitt 12 868 kroner til gode.
– Viktig å sjekke
Auke i totalsum restkatt Nokre færre skattytarar i Sogn og Fjordane får restskatt samanlikna med i fjor. 15 225 må til saman betale 345 millionar kroner i restkatt. Dette er eit snitt på 22 654 kroner. I fjor fekk 15 449 skattytarar ein total restskatt på 274 millionar, som i snitt gav restskatt på 17 779 kroner.
− Mykje kan endre seg i økonomien din gjennom året. Det kan slå ut på skatteoppgjeret ditt, om du får pengar att eller restskatt. Eit mest mogleg rett skattekort er viktig for å få eit mest mogleg korrekt skatteoppgjer, seier avdelingsdirektør Marta Johanne Gjengedal, Fastsetjing i Skatt vest.
− Det er viktig å endre skattekortet viss du til dømes har skifta jobb eller endra sivilstand, legg ho til.