Foto: Øystein Torheim.

Eventyrleg opera

- Dette var eit stjernelag av solistar, dei held eit internasjonalt nivå, seier dirigent og musikalsk leiar Michael Pavelich etter premieren på Hoffmanns Eventyr i Operahuset Nordfjord onsdag kveld.

Thomas Ruud, Trond Halstein Moe, Ditte Höjgaard Andersen, Ann-Helen Moen, Adrian Voje, Ketil Hugaas, Siv Oda Hagerupsen og Jan Erik Fillan presterte alle på toppnivå.

Hoffmanns Eventyr av Jaques Offenbach er eit festfylt verk som handlar om den forvirra diktaren Hoffmann, som ikkje klarer å velje mellom kjærleiken til Kvinna eller Kunsten.

Hoffmanns Eventyr var Offenbach sin einaste seriøse opera, som han sjølv ikkje rakk å sjå før han døydde i 1880.

- Denne operaen er komplett både visuelt og musikalsk, den er både humoristisk alvorleg, og handlinga er grei å få med seg,då det er mykje talt dialog, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

Som alltid skaper det lokale operakoret ein ekstra dimensjon i framsyninga med liv, latter og røre

Regissør Ronald Rørvik har saman med koreograf Toni Herlofsen, scenograf Sunniva Bodin, kostymedesignar Anne Gotaas, lysdesignar Hans Åke Sjöquist og maskedesignar Maren Togstad reist til Nordfjord for å samarbeide om operaproduksjonen og leverer med bravur.

- Det har atter vore ei glede å kome til operahuset i Nordfjord og å få arbeide i lag med operamiljøet her. Som alltid smeltar den frivillige organisasjonen raskt saman med dei profesjonelle. Dette kan dei på Nordfjordeid, seier Rørvik, som har erfaring frå meir enn 50 oppsettingar.

Operaen har til saman seks framsyningar med Hoffmanns Eventyr. Siste framsyning vert 15. Oktober.

- Kom til Nordfjordeid for å gløyme tid og stad ei lita stund, sluttar Standal Pavelich.