Det pleier å vere stinn brakk på kyrkjekonserten under Norsk Countrytreff. Dette biletet er frå avslutningsnummeret i fjor.

Eliminerer kø-problematikken

– No kan publikum bestille plass på same måte som ein gjer i kinoar og konsertsalar, seier dagleg leiar for Norsk Countrytreff, Arve Kleppe.

Kyrkjekonserten laurdag ettermiddag under countryfestivalen i Breim pleier å vere svært populær. Så populær at mange har opplevd å måtte stå ein time i kø for å kome inn. No tek arrangøren grep og startar førehandssal av billettar.

– Vi har innført plassbestilling i midtskipet, bilettane er allereie lagde ut for sal på nettsidene våre, seier Arve Kleppe.

For første gong kan ein altså sjølv velje kvar ein vil sitje i kyrkja under konserten. Ein treng heller ikkje å stille seg i kø og risikere ikkje å kome inn.

– I fjor gjekk det rykte om at det var fullt. Resultatet var at det blei for lite folk inne, seier Kleppe og slår fast at alle no kan sjekke om det er ledige billettar att, og ikkje la vere å møte opp på grunn av falske rykte.

Les meir i papirutgåva fredag.