Adam Douglas tek to i Trivselshagen.

Ekstrakonsert med Adam

Billettane til den første konserten vart utseld på få dagar, men no har arrangørane ei gladmelding.



– Vi har vore så heldige å få sett opp ein ekstrakonsert, melder dei.

Med sin «nice guy»-framtoning, hatten på hovudet, og gitaren lada har Adam Douglas spelt seg inn i hjarta til heile Noreg på laurdagskveldane i haust. No kjem han til Trivselshagen med fullt band.

Amerikanaren har for lengst etablert seg som ein av dei aller beste soulstemmene det norske publikummet har sett. Med sin singer/songwriter-bakgrunn frå USA, har han spelt og samarbeidd med mange internasjonale storleikar som Jon Bon Jovi, Larry Carlton, Robben Ford og Michael Landau. Også fleire norske artistar i toppsjiktet, som Marit Larsen, Frode Alnæs og Vidar Busk, har hatt den store gleda av å samarbeide med Adam.

Eit heilt sjeldan særpreg kjenneteiknar Adam sin musikk og fantastiske stemmeprakt, kor ein fort kan få assosiasjonar tilbake til dei ekte soul- og bluesrøtene frå heimlandet hans. Likevel famnar det musikalske uttrykket hans breitt, og meldarane sparte ikkje på godorda då debutalbumet hans, «I May Never Learn», blei sleppt i 2015. Frå same album hadde han stor suksess med låta «I Once Was An Honest Guy», som vi alle kjenner igjen frå finalen i Stjernekamp.

Når Adam Douglas med band kjem på besøk vil publikum få oppleve ein folkeleg og ekte musikkleveranse som famnar det beste av pop, folkemusikk, RnB, country og rock'n roll!

Billettsalet startar fredag, og konserten er produsert av Gloppen Musikkforum - Glopperock.