Torstein Aa.

Eksperimentell design vart Seasight

– Sightseeingbåten Vision of the Fjords vart til ved eksperimentell design ut frå klåre ønske og mål om å skape ein heilt spesiell båt tilpassa turisttrafikk på unike vestlandsfjordar, seier idéskapar og industridesignar, Torstein Aa (26).

For nokre år sidan kjøpte Brødrene Aa «Paradis Nautica», eit konsulentfirma med kontor på Paradis i Bergen og som leverer eit breitt spekter av tenester til maritim sektor. Dei er no eit dotterselskap til Brødrene Aa med fem-seks tilsette. Mellom dei er industridesignar Torstein Aa.

Han høyrer til tredje generasjon i båtbyggjarfamilien Aa, og han har hatt ei sentral rolle i å designe og utvikle konseptet Seasight som munna ut i det no etter kvart så kjende fartyet Vision of the Fjords.

Spennande prosjekt

Torstein er utdanna industrimekanikar/røyrleggar og har jobba både i Hyen og i Eikefjord tidlegare. Han har studert industriell design og arbeider no ved Paradis Nautica i Bergen. Han er idémakaren bak Seasight-designet.

– Eg likar meg veldig godt i Bergen. Vi er eit dotterselskap av Brødrene Aa og jobbar tett med dei. Når reiarlaget The Fjords for eit par år sidan ytra interesse og ønskje om å få bygt ein spesiell båt for sightseeing, ein båt som skulle vere «grøn» med vekt på miljø og komfort for turistane, og som attpåtil skulle vere ein hybrid med kombinert løysing for framdrift, tok snøballen til å rulle, forklarar designaren.

Han understrekar at det har vore eit svært spennande prosjekt med store utfordringar som måtte løysast undervegs, og det er mange både i reiarlaget og på verftet som skal ha «kred» for at resultatet vart så vellukka som det vart. Samarbeidet mellom reiarlaget og verftet starta i mars i fjor, og i mai vart det inngått intensjonsavtale før det vart skrive kontrakt i fjor sommar.

Les meir i papitutgåva måndag.